DET DU MÅ VITA
NYTTIG INFO
Er det ei gåveliste til bryllupet?
Brudeparet forventer ikkje at dykk har med gåver. Likevel sett dei pris på småsaker til kjøkkenet eller bidrag til bryllaupsreisa. Liste på Kitchn finn du her.
Er det overnatting tilgjengeleg?
Brudeparet skal bu på Scandic Voss. Dette er det hotellet som er nærmast lokalet til festen. Elles er Fleicher's Hotell eller Park Hotell gode alternativ. Ta kontakt med brudeparet om ingen av desse alternativa passer for dykk.
Kva er kleskoden?
Møt opp i finstas.
Menn: Mørk dress, smoking eller bunad
Kvinner: Fin kjole eller bunad
Korleis kjem eg meg til festen?
For å koma seg til Voss er tog eller bil det lettaste alternativet. Lokalet og hotell ligg direkte ved togstasjonen. Elles befinn Hangurstoppen seg ein gondoltur frå Vossevangen og billett treng ein ikkje, sidan dette allereie er ordna. Det er ogso mogleg å gå til Hanguren, men dette er ikkje å anbefale i finstasen.
Kva står på menyen?
Til middag vert det servert ein treretters. Meny ikkje fastsett endå. Det servert kaffi og kaker på ettermiddagen/kvelden. Som nattmat vert det betasuppe el. liknande. Til alle måltid vert det servert noko godt attåt.
Kva om eg har allergiar/intoleransar?
Kontakt gjerne brudeparet tidlegast mogleg om allergiar, intoleransar eller spesielle diettar slik at me kan vidareføra informasjonen til kjøkkenet.
TIL ALLE GJESTER
FEST
Ta gondolbana opp frå Vossevangen. Billetter er gratis for alle gjester. Festen skjer på Hangurstoppen restaurant.
Sted: Evangervegen 5, 5704 Voss
Tid: kl. 14:00